Svarthyllblomst til saft og gelé

image

Vanlegvis kan svarthyllblmstrane nytast og nyttast tidleg på sommaren, men i år har det vore ein moderat varme gjennom sommaren, og blomstringa har holdt seg lenge. Blomstrane sprer framleis fantastisk lukt og sommarstemning på altanen her. Den lange blomstringstida gjer at ein kan laga frisk og god saft heilt ut i august. Safta er eit flott utgangspunkt for gelé og smakstilsetning til blant anna kaker.

Bær frå svarthyll kan òg nyttast til safting, men eg føretrekk den friske smaken av saft frå blomstane framfor den tyngre smaken frå bæra.

Første omgang med saftlaging gjorde eg unna i starten av juni, og no er det ein ny sjanse!

image

Svarthyllblomstsaft saman med rosegelé, som det kjem oppskrift på snart.

Svarthyllblomstsaft

  • 60 klasar svarthyllblomstar
  • 4 sitronar eller lime, eventuelt blanding
  • 2,5 liter vatn
  • 2,5 kg sukker
  • 75 g sitronsyre

Legg blomstrane  og sitronar/lime i skiver i ein bolle eller bøtte av plast, og hell kokande vatn over. La det stå i to døgn. Sil safta gjennom klede (NB reint utan såperestar). Elles går finmaska sli greitt, det vert ikkje like klår saft, men smakar like godt! Kok safta opp i gryte og rør inn sukker og sitronsyre.

Kok opp og fjern skum. Juster eventuelt smaken med sukker eller sitron. Hell safta på reine, sterile flasker. Oppbevar safta kjølig. Safta kan frysast for lang haldbarheit, men vil halda seg i eit år i kjøleskapstemperatur.

Svarthyllblomstgelé

  • 1,5 liter svarthyllblomstsaft
  • Eventuelt vatn etter smak, 0,2-0,5 l (utblanda saft til gelé skal vera ganske sterk)
  • 1 pakke pektinpulver

Kok opp saft. Rør inn pektinpulver og la det fosskoke i eit minutt. Hell geléen på reine, sterile glas, og skru på tette lok for langvarig lagring, helst mørkt. Brukar du glas med med klikk-lokk vil desse verta hermetisk forsegla når varm gelé vert helt opp på glasa, lokket vert skrudd på og glaset so vert avkjølt i romtemperatur.

Lykke til! Helsing Kristine

2 tankar på “Svarthyllblomst til saft og gelé

Kommenter innlegget