Oktoberstemning i hagen vår

No midt i oktober blomstrar det enno fint. Sola har lyst opp dagane i lang tid,  og etter klare netter ligg frosten lett over bakken om morgonen.

img_20161009_121142

Syrinhortensia (Hydrangea paniculata) står lenge i blomst på denne tida, og dei tørka blomstrane er vakkre gjennom vinteren.

img_20161009_121109

Ein favoritt som kjem igjen og igjen med blomstrar gjennom vår, sommar og høst er denne kattosten (Malva sylvestris).

img_20161009_121205

Ein fugl som ikkje trekkker til varmare strok, men som sikkert trekker inn i varmen til vinteren, står enno i staudebedet.

img_20161009_121216

Høstasters (Symphyotrichum sp.) finst i mange varianter. Denne astersen her er arva frå mor sin hage.

img_20161009_121251

Snøbær (Symphoricarpos albus) er vakre langt utover høsten og vinteren. Om vinteren pleier frosten å legga seg over bæra på kalde dagar, noko som gjer denne buska enno meir dekorativ.

img_20161009_121118

Oktoberbergknappen (Sedum spectabile) er ein eldre plante i vår hage, og denne dukka fram under ryddinga i hagen etter me overtok.

img_20161009_121058

Hageblåbær (Vaccinium spp.) vert modne litt etter litt, og har gitt oss bær frå midten av august og til slutten av september i år. Vidare utover høsten kjem det eit flott fargespel hjå bladverk, noko som kjem klart fram i den låge oktobersola.

 

Kommenter innlegget