Sukkererter – ein sikker suksess!

Sukkererter er populære blant store og små her. Uansett kalde periodar, regn eller tørre dagar kan me stola på at det iallefall vert sukkererter i hagen. Desse er gode til mangt, men dei fleste et me rå og gjerne rett frå planten. Ein villig plante som pryder blomsterpottene våre med fantastiske blomstrar.