Om Solfjordhagen

Eg vaks opp i eit hus i ein flott hage og vart tatt med ut og på turar frå eg var lita. No har eg eit hus i ein hage som stadig er i endring. Borna er ein viktig del av hagen og mannen står for ein stor del av innsatsen. Me kosar oss utanfor huset, men er gjerne på tur. Me opplever mykje kjekt ute!

Hagen vår var overgrodd då me overtok, og det er mykje som framleis ikkje er på stell. Dette er soleis ikkje ein presentasjon av ein perfekt eller ferdig hage. Det er likevel mykje som er fint, og det gler me oss over. Ville plantar får vera her so lenge dei er fine eller spennande, og ikkje tar over hagen. Og so lever me godt med det som framleis er kaotisk eller ikkje vert vellykka. Mykje vert gjort etter innfallsmetoden, me har fleire idear enn me har tid, og ting vert som det vert.

Små og store likar å laga ting, og sjølv om tolmodet av og til er stort hender det rett som det er at det er lite. Her er det nokre glimt av kva me prøver oss på alle saman.

Kommenter innlegget