Høst og bursdagsfeiring hjå familien

Det er mange bursdagar i oktober rundt oss, og i år og i dag er det til og med rund dag for eine søstra mi! Ho og mannen feira i fellesskap for ei og ei halv veke sidan.

img_20160930_120318

Det var sol og stemningsfullt i og rundt huset og hagen. Den raude stolen stod klar om nokon hadde tid til å slå seg ned ei stund.

Gården søstra mi og familen bur på i Iveland er kjekk å besøka for små og store. Her er det godt selskap, tid til å passa på dyra til og frå beiteområda, bærplukking, besøk på det lokale museet, Iveland og Vegusdal bygdemuseum og flotte turar.

img_20161001_123020

Frå hagen vart det plukka bukettar til festen. Ei blanding av hage blomstrar og ville plantar, med blant anna gullris (Solidago virgaurea), høstasters (Symphyotrichum sp., tidlegare Aster), blad av jordskokk (Helianthus tuberosus), som ikkje berre er smakfull, men vakker i blomst, saman med ulike gras (Poaceae).

img_20161002_023924

Til festen hadde familien og døtrene spesielt ordna med mat og kaker, pynt og organisering til ein flott fest. Her er bordpynt frå hagen med jordskokk, asters og gullris.

img_20160930_120719

Jordskokk i høstsol.

img_20161001_203055

Bordet pynta med blomstrar, blad, og snop i flotte høstfargar.

img_20161011_003117

Ny hagebenk og mange blomstrar kom til jubilantane.

img_20161011_005128

Krysantemum i kveldslyset i tidlege oktober.

img_20161002_200207

Takk for ei hyggeleg helg, og gratulera so mykje med dagen til dei to jubilantane!

 

Helsing Kristine

Kommenter innlegget